RIKT
 
   Regional IKT-Platform
 

Velkommen til RIKT

Datapart AS styrkar fylkesdekkande satsing gjennom overtaking av Regional IKT Plattform AS

På Regional IKT Plattform AS si generalforsamling 21.06.2005 sikra Datapart AS seg 100% av aksjane i selskapet.

Regional IKT Plattform AS driv ISP og driftstenester innan IT som i hovudsak har vore retta mot offentlege og private verksemder i Sogn og Fjordane. Selskapets føremål er å vere tilretteleggjar for IKT-løysingar som kan bidra til utvikling og samarbeidsløysingar for kundene.

Selskapet har vore eigd av 36 aksjonærar som alle er frå Sogn og Fjordane. Største aksjonærar har vore Sogndal Kommune, Sogndal Fotball, Vestlandsforsking, Artspages International og Rune Kjørlaug ITC AS, men og Firda, Sogn og Fjordane Energi samt ei rekke andre kommunar og verksemder har vore aksjonærar.

Selskapet har sidan 2002 vore gjennom ein utviklingsfase, men for å kunne halde fram denne utviklinga og tilby kundane høg kvalitet på tenester som dekkjar fleire kompetanseområder har ein sett det som avgjerande å bli ein del av ein større organisasjon som har kompetanse til å løfte selskapet vidare.

Datapart AS har hovudkontor i Gaupne og avdelingskontor i Sogndal og er ein breddeleverandør av datatenester og utstyr i fylket, med hovedvekt av bedriftskundar i Sogn.
Selskapet er eigd av Sognekraft AS, Luster Energiverk AS, Edvin Brun og tilsette. Dagleg leiar er Edvin Brun som starta verksemda i 1993.

Selskapet vil framleis ha sitt hovedsete i Gaupne og har pr. dato 7 tilsette.
Datapart AS er fra før aktiv innanfor alle forretningområder til Regional IKT Plattform AS. Datapart AS oppnår dermed ein betydeleg synergieffekt og kan styrke og vidareutvikle desse fagfelta.
I tillegg til drift og ISP-tenester er Datapart AS leverandør av marknadsleiande datautstyr med hovedvekt på pc, server, nettverk og kommunikasjonsutstyr og har ein teknisk avdeling som tek seg av installasjon, Service og support.


Gjennom overtakinga vil Datapart AS styrke sin marknadsposisjon og har til intensjon å etablere ei avdeling i Sogndal knytt opp til Fosshaugane Campus, der selskapet vil bli samlokalisert i bygg med Vestlandsforsking og HSF sin IT-driftsseksjon.
Dette vil vonaleg skape eit tungt IKT miljø knytt til Fosshaugane Campus som kan legge til rette for vidare vekst innan dei tilknytta verksemdene og vere attraktiv for andre nyetablerarar.

Last ned denne pressemeldingen i PDF-Format her: